Volda fekk sin første og kanskje einaste snublestein

Torsdag 7. juni kl.12.00 vart det sett ned ein snublestein til minne om Abraham Bernhard Mahler.

Snublestein i Volda  - Klikk for stort bilete Fleire frå slekta hans kom for å ta del i seremonien. I tillegg var det fleire klasser frå Volda vidaregåande skule som møtte for å få med seg hendinga.

Snublestein i Volda 07.06.18 - Klikk for stort bilete

 

Abraham Bernhard Mahler vaks opp i Trondheim som den nest eldste av fem søsken. Etter gymnaset arbeidde han eit par år i faren si forretning, men hausten 1942 flytta han til Volda for å studere. Planen var å fullføre Volda handelsgymnas si toårige utdanning på eit år. Han leigde rom hjå familien Strand, og vart beskreven som ein stillferdig, høflig og skuleflink ung mann. Abraham fekk ikkje fullført utdanninga si. Han vart arrestert hausten 1942. Abraham sitt liv enda i Auschwitz. Dødsdato og dødsåsak er ukjend.

Snublesteinane er ein del av eit kunstprosjekt som har gått føre seg i Europa i over 20 år. Til no er det lagt ned over 60 000 slike steinar, og i år får Volda sin første, førebels den einaste. Snublesteinane er brosteinar, 10 x 10 cm. store, dekka med ei messingplate. Dei leggast ned til minne om personar som vart offer for Holocaust. På messingplata står namn, fødselsdato, dødsdato og staden der personen døde. Hensikta med snublesteinane er ikkje at vi fysisk skal snuble i dei, men at vi skal snuble over historia , og bli mint om at Holocaust også ramma personar i vårt nærmiljø - der vi bor, jobbar, går på skule og ellers oppheld oss i kvardagen.

7.juni kl.12.00 arrangerte Jødisk museum Trondheim nedsetting av ein snublestein for Abraham Bernhard Mahler, utanfor hans tidligare studiestad. Volda handelsgymnas låg på tomta der ein i dag finn Volda legesenter. 

Ved nedsettinga av snublesteinen var det ein seremoni med talar frå Jødisk museum Trondheim, Abraham sine slektningar og Volda sin ordførar, Jørgen Amdam.

Nedlegging av snublestein i Volda - Klikk for stort bilete

 

Snublesteinen IMG_3865.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Publisert av Bente Engeseth. Sist endra 07.06.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering