Kommuneplanens arealdel - informasjon om innspel til planarbeidet

fraa_hoeydalshornet.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

Volda kommune har pr. 20.01.2017 motteke 101 innspel til arealdelen og planprogrammet.

Dei fleste innspel og merknader til oppstart av arbeidet med arealdelen, gjeld innspel til endra arealbruk. Merknader til planprogrammet er vurdert og handsama av Volda kommunestyre, som den 15.12.2016 fastsette planprogram for arbeidet med ny arealdel.

Innspel som gjeld arealbruk vart presentert for Formannskapet 31. januar 2017. Totalt har kommunen motteke nærare 150 forslag til endra arealbruk i tillegg til forslag om nye vegar, gangvegar, turstiar, område for særleg omsyn til friluftsliv, naturområde m.v. Oversikt over alle forslag til ”ny/endra” arealbruk er lista opp i eit eige dokument og vist på kart i eit medfølgjande karthefte.

Det vil bli jobba vidare med alle innspela til arealdelen utover våren og det er lagt opp til at Formannskapet handsamar innspela mai 2017. Som fastsett i planprogrammet vil det i perioden fram mot sommaren bli gjennomført ei rekke temamøte, kartleggings- og analysearbeid for å sikre eit godt nok kunnskapsgrunnlag for å kunne gjere viktige val om framtidig arealbruk i kommunen.
 
I august 2017 skal administrasjonen legge fram forslag til ny arealdel for
Volda kommune. Planforslaget skal handsamast av Formannskapet som
ev. gjer vedtak om høyring og utlegging til offentleg ettersyn.
Meir informasjon om planprosessen finn ein i fastsett planprogram.
 
 
 
 
 
 
Publisert av Berit Sandvik Skeide. Sist endra 23.02.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering