Kommuneplanen sin arealdel - informasjon om planarbeidet

Volda kommune held på med rullering av kommuneplanen sin arealdel. Målet er å sende arealdelen ut på høyring hausten 2018. 

Kommuneplan.PNG - Klikk for stort bilete

Planprogrammet for arealdelen vart fastsett av Volda kommunestyre 15.12.2016. I dag har Volda kommune ein arealdel for heile kommunen, i tillegg til ei rekke kommunedelplanar for mindre område. Eit av måla med denne prosessen er å samle alle kommunedelplanane i ein felles arealdel.

Som fastsett i planprogrammet har det vore gjennomført ulike temamøte og kartleggings- og analysearbeid. Noko av grunnlagsmaterialet har vore handsama politisk, eller vore ute på høyring. Lenker til nokre av grunnlagsdokumenta finn du nedst på sida. Kunnskapsgrunnlaget er viktig i vurderinga av framtidig arealbruk i kommunen.

Volda kommune har også motteke ei rekke innspel med framlegg til endra arealbruk. Prosjektgruppa for arealdelen går no gjennom alle innspela, og utarbeider ROS-analyse og konsekvensutgreiing.

Formannskapet har vore tett på prosessen, og kommuneplanen sin arealdel har vore tema på mange møter i formannskapet vinter, vår og haust 2018. 12. september skal prosjektgruppa, saman med representantar frå formannskapet, presentere eit arbeidsutkast for regionalt planforum i Molde.

I oktober skal administrasjonen legge fram forslag til ny arealdel for Volda kommune, inkludert ROS-analyse og konsekvensutgreiing. Planforslaget skal handsamast av formannskapet som eventuelt gjer vedtak om høyring og utlegging til offentleg ettersyn.

 

Meir informasjon om føringar, viktige tema og prosess finn ein i  kommuneplanen sin samfunnsdel og planprogrammet.

 

Kontaktperson for arbeidet er Regine S Aklestad.

 

Lenker til arbeids-, kartleggings- og utgreiingsdokument:

Grunnlagsdokument:

Kommuneplanen sin samfunnsdel (PDF, 2 MB)

Planprogram (PDF, 8 MB)

 

ROS-analyse:

ROS-analyse arealdelen (PDF, 5 MB)

Temakart naturrisiko (PDF, 18 MB)

Temakart sårbare objekt (PDF, 19 MB)

Temakart verksemdrisiko (PDF, 10 MB)

ROS-vurdering av forslag til nye utbyggingsområde (PDF, 575 kB)

 

Sentrumsutvikling og senterstruktur:

Senterstruktur sentrumsavgrensing og funksjonsfordeling (PDF, 5 MB)

Bygningsmiljø og estetisk rettleiar (PDF, 6 MB)

 

Busetting:

Behovsanalyse og prinsipp for bustadfortetting i Volda sentrum (PDF, 8 MB)

Retningsliner for leike- og aktivitets_høyringsdokument (PDF, 2 MB)

Kartlegging av kvartalsleikeplassar i Volda (PDF, 15 MB)

 

Offentlege og allmenne formål:

Behovsanalyse offentleg og privat tenesteyting (PDF, 8 MB)

Klimaendringar i arealplan (PDF, 2 MB)

 

Fritidsbusetnad, setrar og naust:

Verdfulle setremiljø (PDF, 4 MB)

 

Landbruk og næringsliv:

Kjerneområde landbruk (PDF, 7 MB)

 

Transport og kommunikasjon:

Hovudnett for sykkel i Ørsta og Volda (PDF, 13 MB)

Arbeidsdokument kollektiv, sykkel og elbil (PDF, 5 MB)

Barnetrakk Volda hausten 2017 (PDF, 10 MB)

Barnetrakk Vikebygda skule vår 2018 (PDF, 4 MB)

Kartlegging snarvegar i Volda (PDF, 2 MB)

 

Grøntstruktur, friluftsliv og kultur:

Kartlegging og verdsetjing av friluftsområde I Volda (PDF, 8 MB)

Kommunedelplan for kulturminne (PDF, 23 MB)

Publisert av Berit Sandvik Skeide. Sist endra 20.09.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering