Sjølvbetening

På desse sidene finn du søknadsskjema og andre skjema som Volda kommune har tilgjengelege per i dag. Volda kommune ønskjer at innbyggjarane som skal sende inn søknad eller melding til kommunen, i størst mogleg grad skal kunne gjere dette elektronisk. Derfor vil det bli stadig fleire elektroniske skjemaløysingar.

Ved å logge deg inn kan du opprette din eigen brukerprofil i portalen. Dette gir deg mellom anna tilgong til å mellomlagre skjemaene dine før du sender dei inn til oss. I tillegg får du ein oversikt over dine innsendte skjemaer med referansenummer som du kan oppgi i kontakt med kommunen. 

Dersom du ønskjer å bruke papirversjon av skjemaene, må desse skrivast ut og sendast per post til kommunen.

I personvernerklæringa finn du informasjon om korleis vi forvaltar innsendte skjema og anna informasjon vi registrerer om deg.

Du kan òg nytte deg av snarvegar til postliste, kunngjeringar og høyringar, oversikt over prisar, avgifter og gebyr, ledige stillingar, søkjarlister, årsmelding for kommunen og budsjett og økonomiplan, kart, bestilling av legetime og Norge.no sin vegvisar til innbyggjarretta offentlege tenester på nett. Du finn også ei oversikt over godkjende planar.

Dersom du har spørsmål kan du kontakte servicekontoret.

Sist endra 16.03.2015
Fann du det du leita etter?
Servicekontor Skranke
70 05 87 00
@ Servicekontor Skranke
Login for redigering