Barn med spesielle behov

Barn som har behov for spesialpedagogisk hjelp, har ifølgje barnehagelova rett på dette.

Denne hjelpa skjer som oftast i barnehagen, og tenesta er gratis. Spesialpedagogisk hjelp kan også skje i heimen eller ved institusjon.

For å vurdere om barnet treng spesialpedagogisk hjelp, vert føresette rådde til å ta kontakt med pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) saman med tilsette i barnehagen.

Volda kommune er med i eit interkommunalt samarbeid saman med Hareid, Ulstein og Ørsta om å tilby PPT-tenester, der Ulstein kommune er vertskommune.

For meir informasjon om PPT, sjå Ulstein kommune si heimeside.