Barnehageplass

Her kan du søke, stadfeste og seie opp barnehageplass i Volda kommune.

I Volda er det totalt 15 heildagsbarnehagar spreidd utover heile kommunen. Av dei er det åtte kommunale barnehagar og sju private barnehagar.

Det er felles søknad og samordna opptak til alle barnehagane.

Born som er fødde innan 30. november har rett til barnehageplass.

Born som fyller 1 år i løpet av september, oktober eller november månad har rett til å starte i barnehagen den månaden dei fyller 1 år, utan krav om foreldrebetaling frå august. 

Søke barnehageplass

Søknadsskjemaet krev innlogging med id-porten (BankID eller MinSide). Her finn du søknadsskjema for barnehageplass i Volda kommune.

Om du er folkeregistrert i ein annan kommune, eller ikkje får ID-porten til å fungere, send epost til sørviskontoret postmottak@volda.kommune.no  for hjelp. Dei vil sende deg ei lenke med open søknad som de kan nytte.

Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. mars kvart år.

Kven kan søke om plass?

  • Nye søkarar
  • Alle som ønsker endring av plass i barnehage eller overflytting til ein annan barnehage

Stadfeste barnehageplass

Ein av foreldre/føresette får ein SMS med tilbod om plass.

Når du har fått tilbod om barnehageplass, må du takke ja eller nei til tilbod om barnehageplass innan svarfristen.

Seie opp barnehageplass

Dersom foreldre/føresette ønsker å seie opp ein barnehageplass gjer du det ved å nytte skjema for oppseiing som ligg på heimesida.

Oppseiingstida er éin månad rekna frå den 1. i påfølgjande månad.

I Volda kommune sine vedtekter for kommunale barnehagar står det:

«Dersom barn ikkje skal gå i barnehage etter 1. mai, må foreldra/føresette seie opp plassen innan 31. mars. Vert plassen sagt opp etter 31. mars, må ein betale ut juni månad. Ved særskilte høve kan det gjerast unntak frå denne regelen. Unntak kan mellom anna gjerast dersom ein får inn eit nytt barn til den ledige plassen»

OBS: For private barnehagar, sjå barnehagen sine eigne vedtekter.

Oppseiing frå kommunen

Ved manglande betaling kan kommunen seie opp barnehageplassen.

Foreldre/føresette får melding om oppseiing med 1 månads frist.

Uteståande foreldrebetaling vil elles bli lagt til grunn som avslag på plass ved seinare barnehageopptak og/eller opptak til skulefritidsordningar.

Kontakt

Bodil Brautaset
avdelingsleiar barnehage
E-post
Telefon 70 05 88 73
Mobil 911 94 598