Pris og moderasjon for barnehageplass

Her finn du relevant informasjon om prisar og moderasjonar for barnehageplass i Volda kommune.

Pris for barnehageplass

Maksprisen for ein barnehageplass styrt av regjeringa. Per 2019 er maksprisen for ein barnehageplass på kr 3.040 per månad. 

Dette gjeld uavhengig av om det er privat eller offentleg barnehage.

Prisar for barnehageplass
Stad Barnehageplass Pris Matpengar
Mork, Engeset, Oppigarden, Sollia og Austefjord 100 % 3 040,- 360,-
Folkestad og Lauvstad 100 % 3 040,- 360,-
Folkestad og Lauvstad 80 % 2 830,- 290,-

Private barnehagar har eigne satsar, men aldri over den nasjonale maksprisen. Meir informasjon finn du på barnehagane sine eigne nettsider.

Her er vedtaket om betalingssatsar i barnehagar, SFO og Kulturskulen 2019. (PDF, 475 kB)

Sjå oversikt over alle barnehagar i Volda.

Søskenrabatt

Søskenrabatt gjeld for barnehageplass innanfor Volda kommune, og gjeld for både kommunal og privat barnehage.

Søskenrabatt vert gitt etter følgjande fordeling:

  • For barn nummer to: 30 % rabatt
  • For barn nummer tre: 50 % rabatt

Redusert foreldrebetaling

Ein kan søke om redusert foreldrebetaling dersom maksprisen for barnehageplass er høgare enn 6 % av samla skattepliktig person- og kapitalinntekt for hushaldet.

Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld som hovudregel for eitt barnehageår. Føresette må derfor sende inn søknad for kvart barnehageår, med ny dokumentasjon for inntekt.

Søknaden skal sendast inn via elektronisk søknadsskjema

Ein søknad om reduksjon i foreldrebetaling skal handsamast av den kommunen som barnet er folkeregistrert i.

Gratis opphaldstid

Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphald i barnehage per veke.

Gjeldande frå 1. august 2019 gjeld gratis opphaldstid for hushaldningar med ei samla inntekt som er lågare enn 548 500 kroner per år.

Søknad om gratis opphaldstid skal sendast inn via elektronisk søknadsskjema.