Søke barnehageplass

Slik søkjer du om barnehageplass for barnehageåret 2019/2020.

I Volda er det totalt 13 barnehagar spreidd utover heile kommunen. Sju av barnehagane er kommunale, medan resten er private.

Born som er fødde innan 30.11.2018 og som er busett i kommunen har, etter søknad, rett til plass ved hovudopptaket.

Born som fyller 1 år i september, oktober eller november har rett til å starte i barnehagen den månaden dei fyller 1 år, utan krav om foreldrebetaling frå august. 

Korleis søkje plass

For å søkje om barnehageplass, sender du dette elektroniske søknadsskjemaet til Volda kommune. 

Søknadsskjemaet krev innlogging med id-porten (BankID eller MinSide).

Om du er folkeregistrert i ein annan kommune eller ikkje får ID-porten til å fungere, tek du kontakt med sørviskontoret i Volda kommune for bistand.

Søknadsfrist for hovudopptaket er 01.03.2019.

Kven kan søkje om plass

  • Nye søkjarar
  • Alle som ynskjer endring av plass i barnehage eller overflytting til ein annan barnehage

Har du fått tilbod om plass?

Du må på om du takkar ja eller nei til plassen. Her er lenke til skjema for å svare på plasstilbodet:
https://oppvekst.ssikt.no/HCW.Welfare.CC.CDCSecureWeb/Application/PlacementOffersView.aspx?ApplicationType=cdc&Domain=Volda&IdpMethod=SAML&Actor=Actor_Relative

Kontakt

Bodil Brautaset
fagkonsulent barnehage
E-post
Telefon 70 05 88 73