Melding om skulemiljø

Volda kommune har trygge barn og unge som deltek, meistrar og lærer.

For å nå visjonen vår arbeider skulane, i dialog og samarbeid med dei føresette, for å skape gode og trygge skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Vi har nulltoleranse mot krenkande handlingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Er du uroleg for skulemiljøet?

 

Meld frå om uro kring skulemiljøet

Informasjon til barn, unge og foreldre om mobbing og rettar (frå Utdanningsdirektoratet).

 

Retningslinjer ved krenkande åtferd

Vi har retningslinjer for korleis ein skal handsame saker der skulen får mistanke om eller vite om krenkande åtferd. Dei same retningslinjene gjeld dersom skulen får melding om at ein ønskjer tiltak knytt til det fysiske eller psykososiale skulemiljøet.

 

Samarbeid mellom heim og skule

Samarbeid mellom heim og skule er nødvendig og svært viktig i saker som vedkjem eleven sitt skulemiljø. Føresette er representerte i skulemiljøutvala og medverkar på den måten til å fremje gode miljø ved skulane. I tillegg legg skulane til rette for god kommunikasjon med dei føresette i konkrete elevsaker.

Kontakt

Per Ivar Kongsvik
oppvekstsjef
E-post
Mobil 905 36 757