SFO-plass

Her kan du søke, stadfeste og seie opp SFO-plass i Volda kommune.

Kva er SFO?

Skulefritidsordningane (SFO) er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod for elevane i 1.-4. klasse, og for born med nedsett funksjonsevne til og med 7. klasse.

Tilbodet skal vere tufta på same verdiar som barnehagane og skulane i Volda. Borna sine behov for leik, kulturaktivitetar, omsorg og sosial læring må vere kjernen i innhaldet for tilbodet.

Kommunen har i dag sju skulefritidstilbod, og i alt er det om lag 250 born i SFO-tiltaka.

Kva er opningstidene?

Den daglege opningstida må tilpassast timeplanen ved kvar enkelt skule.

Heil plass er inntil 5 dagar pr. veke frå 30-60 minutt før skulestart, og minst til klokka 16:00 etter skuleslutt.

Redusert plass kan vere 4 dagar pr veke eller inntil 3 dagar pr veke innanfor same tidsavgrensingar som ovanfor.

I feriar når det er færre born til stades, samarbeider skulefritidsordningane i sentrum om å halde ope.

Skulefritidsordningane på bygdene følgjer skuleåret som normalordning. Desse ordningane må finne lokale løysingar når det gjeld opningstidene.

Kva kostar det?

Foreldra betalar for 11 månader i skulefritidsordningane i sentrum. For SFO i sentrum, gjeld følgjande prisar frå 01.08.2019 per månad for 11 månadar:

Prisar SFO (sentrum)
Dagar Pris Matpengar
1-3 1 819,- 114,-
4 2 373,- 167,-
5 2 927- 210,-

I dei andre krinsane kostar det 2.122,- per mnd. (dette for 10 månadar med 16 timar per veke). Matpengar kjem i tillegg til den faste betalinga og er lik for alle SFO-ane.

Med avvikande opningstid vert betalinga utrekna i høve til prisen for 16 timars opningstid.

Enkelttimesatsen for alle skulefritidsordningane vert sett til kr 135,-.

For alle ordningane vert det gitt same syskenrabatt som i barnehagane, men det vert ikkje gitt syskenrabatt mellom barnehage og SFO.

Søskenrabatt i grunnskulen:

  • Barn nr 2: 30% rabatt
  • Barn nr 3: 50% rabatt

Søke SFO-plass

Skulen sender brev med søknadsskjema til alle familiar med born i aktuell alder for skulefritidsordninga for Austefjord, Dalsfjord og Folkestad. Desse søker manuelt også i år.

Sentrum søker digitalt.

Elevar ved Bratteberg, Mork, Vikebygda og Øyra skular søker her.

Søknadsfrist er 15. april kvart år.

Søknadsskjemaet krev innlogging med id-porten (BankID eller MinSide).

Om du er folkeregistrert i ein annan kommune eller ikkje får ID-porten til å fungere, tek du kontakt med sørviskontoret i Volda kommune for bistand.

Borna skal takast inn på skulefritidsordninga ved den skulen dei går på, dersom der er skulefritidsordning.

Ved skulefritidsordningane i sentrum er det høve til å søke heil plass (inntil 5 dagar) eller redusert plass (4 dagar eller inntil 3 dagar, Mork inntil 2 dagar).

Stadfeste SFO-plass

Når du har fått tilbod om SFO-plass, må du takke ja eller nei til dette tilbodet. Det gjer du her!

Ein av dei føresette får ein SMS med tilbod om plass. Her vil det også vere opplyst svarfrist.

Seie opp SFO-plass

Dersom du ynskjer å seie opp SFO-plassen gjer du det anten ved å ta kontakt med SFO eller her

Utdrag frå Volda kommune sine vedtekter for SFO:

«Dersom barnet sluttar i skulefritidsordninga, er det 1 månads oppseiingstid rekna frå den 1. i påfølgjande månad. Ved oppseiing etter 1. april må ein betale for plassen ut juni månad.»

Oppseiing frå kommunen

Ved manglande betaling kan kommunen seie opp din SFO-plass.

Dei føresette får melding om oppseiing med 1 månads frist.

Uteståande foreldrebetaling vil elles bli lagt til grunn som avslag på plass ved seinare barnehageopptak og opptak til skulefritidsordningar.