Skulefritidsordning (SFO)

Praktisk informasjon om skulefritidsordninga ved dei kommunale skulane i Volda.

Kva er SFO?

Skulefritidsordningane (SFO) er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod for elevane i 1.-4. klasse, og for born med nedsett funksjonsevne til og med 7. klasse.

Tilbodet skal vere tufta på same verdiar som barnehagane og skulane i Volda. Borna sine behov for leik, kulturaktivitetar, omsorg og sosial læring må vere kjernen i innhaldet for tilbodet.

Kommunen har i dag sju skulefritidstilbod, og i alt er det om lag 250 born i SFO-tiltaka.

Kva er opningstidene?

Den daglege opningstida må tilpassast timeplanen ved kvar enkelt skule.

Heil plass er inntil 5 dagar pr. veke frå 30-60 minutt før skulestart, og minst til klokka 16:00 etter skuleslutt.

Redusert plass kan vere 4 dagar pr veke eller inntil 3 dagar pr veke innanfor same tidsavgrensingar som ovanfor.

Kva kostar det?

Foreldra betalar for 11 månader i skulefritidsordningane i sentrum. For SFO i sentrum, gjeld følgjande prisar per månad for 11 månadar:

Dagar Pris Matpengar
1-3 1775,- 111,-
4 2315,- 164,-
5 2856,- 205,-

I dei andre krinsane kostar det 2.122,- per mnd. (dette for 10 månadar med 16 timar per veke). Matpengar kjem i tillegg til den faste betalinga.

Med avvikande opningstid vert betalinga utrekna i høve til prisen for 16 timars opningstid.

Enkelttimesatsen for alle skulefritidsordningane vert sett til kr 130,-.

For alle ordningane vert det gitt same syskenrabatt som i barnehagane, men det vert ikkje gitt syskenrabatt mellom barnehage og SFO.

Søskenrabatt i grunnskulen:

  • Barn nr 2: 30% rabatt
  • Barn nr 3: 50% rabatt

Korleis søke?

Skulen sender brev vedlagt søknadsskjema til alle familiar med born i aktuell alder for skulefritidsordninga. Søknadsskjema kan også finnast i elektronisk versjon her.

Søknadsfrist er 1. april kvart år.

Borna skal takast inn på skulefritidsordninga ved den skulen dei går på, dersom der er skulefritidsordning.

Ved skulefritidsordningane i sentrum er det høve til å søkje heil plass (inntil 5 dagar) eller redusert plass (4 dagar eller inntil 3 dagar).

I krinsane elles er det høve til å finne lokale løysingar.

Kva med SFO i skuleferiane?

I feriar når det er færre born til stades, samarbeider skulefritidsordningane i sentrum om å halde ope.

Skulefritidsordningane på bygdene følgjer skuleåret som normalordning. Desse ordningane må finne lokale løysingar når det gjeld opningstidene.