Skuleskyss

Grunnskuleelevar som har meir enn 4 km skuleveg, har rett til fri skuleskyss.

Dette er ei fylkeskommunal oppgåve, og det er utarbeidd eit eige fylkeskommunalt reglement for slik skyss. 

For 1. klasse gjeld retten til skyss for elevar som har minst 2 km skuleveg (jfr. Opplæringslova). I tillegg finst det i Volda eit kommunalt skyssreglement som opnar for skyss for elevar med kortare skuleveg enn 4 km. I hovudsak gjeld dette på trafikkfarlege strekningar.

Føresette kan søkje om slik skyss, og søknaden vert handsama av Driftsstyret.