Draumestipend

«Draumestipend» til unge kulturutøvarar.

«Draumestipend» til unge kulturutøvarar.

Draumestipendet er eit samarbeid mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping.

Elevar i kulturskulen kan søke om å få «Draumestipendet». Stipendet er på 15.000 kroner og blir utdelt til 100 elevar frå norske kulturskular kvart år.

Føremålet med stipendordninga er å synleggjere kommunane sitt arbeid for barn og unge.

Draumestipendet skal vere ein verdifull inspirasjon og eit viktig bidrag til å oppfylle draumane til unge kulturutøvarar og spirande kunstnarar.

Kvar kommune kan nominere ein eller fleire elevar/utøvarar innanfor t.d. musikk, visuell kunst, skapande skriving og teater.

Ta kontakt med rektor i kulturskulen for å få meir informasjon.

Tidlegare vinnarar:

I 2017 fekk Åsmund Farstad draumestipendet. 

I 2020 fekk Louise Engeseth draumestipend. Det var 3. gangen nokon i Volda fekk tildelt dette stipendet sidan denne ordninga kom.

Kontakt

Trude Rabben
rektor kulturskule
E-post
Mobil 908 48 661