Draumestipend

«Draumestipend» til unge kulturutøvarar.

«Draumestipend» til unge kulturutøvarar.

Draumestipendet er eit samarbeid mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping.

Elevar i kulturskulen kan søke om å få «Draumestipendet». Stipendet som er på 15 000 kroner (2019), blir utdelt til 100 elevar frå norske kulturskular kvart år.

Gjennom stipendordninga ynskjer ein å synleggjere kommunane sitt arbeid for barn og unge. Draumestipendet skal vere ein verdifull inspirasjon og eit viktig bidrag til å oppfylle draumane til unge kulturutøvarar og spirande kunstnarar.

Kvar kommune kan nominere ein eller fleire elevar/utøvarar eller gruppe innanfor kvar av desse kategoriane Musikk, visuell kunst, skapande skriving, teater, anna.

Ta kontakt med rektor i kulturskulen for å få meir informasjon.

Kontakt

Trude Rabben
rektor
E-post
Mobil 908 48 661