Fagtilbod i kulturskulen

Kulturskulen kan tilby undervisning i følgjande:

Fagtilbod i kulturskulen
Kategori Undervisingstilbod
Strykeinstrument Fele, Bratsj, Cello, Kontrabass
Treblås Blokkfløyte, Tverrfløyte, Klarinett, Saxofon
Tangentinstrument Piano, Keyboard, El-orgel, Kyrkjeorgel, Trekkspel
Messinginstrument Trompet/kornett, Trombone, Althorn, Tenor/baryton, Waldhorn
Strengeinstrument Gitar og klassisk gitar, Bassgitar, Slagverk
Vokalmusikk Song, vokal folkemusikk
Musikk for dei minste Babysong (0-1 år), for dei aller misnte (1-2 år), småbarnsong (3-5 år)
Visuell kunst Teikning, måling, m.m, frå 4.-klasse
KuDraMuDa Tverrfagleg tilbod for born frå 5 år til og med 2. klasse der musikkleik i ulike kunstformer står i sentrum.

 

Individuell undervisningstime for instrument og song blir gitt ein gong per veke og varer mellom 20 og 35 minutt. Nokre gongar er det hensiktsmessig å sette saman elevar i smågrupper. Undervisning i smågrupper kan vare mellom 30-45 minutt.  I tillegg kan elevane få tilbod om å vere med i samspelgrupper utanom den ordinære timeplanen.

Visuell kunst og musikk for dei minste er organisert som gruppeundervisning. Det same gjeld for KuDraMuDa (Kunst, Drama, Musikk, Dans)

 

Orkester/samspel

Elevar som spelar strykeinstrument får tilbod om å vere med i strykegrupper.

Frå 7. klasse kan ein vere med i Sunnmøre Ungdomssymfoniorkester. Dette tilbodet gjeld både strykarar og blåsarar.

Kulturskulen har òg  eit nært samarbeid med lokalt kulturliv i kommunen og deltek på ulike arenaer.

Instrumentleige

Kulturskulen har eit avgrensa tal instrument for utleige. Per i dag gjeld dette stryke- og blåseinstrument. Merk av i søknadsskjemaet om du ynskjer å leige instrument. I tillegg til instrumentleige kjem kostnader til strengar og fliser. Dette må elev/føresett dekke sjølve.

Du er velkomen til å følgje Volda kulturskule på facebook.

Søkje om plass i kulturskulen.

Kontakt

Trude Rabben
rektor
E-post
Mobil 908 48 661