Om kulturskulen

Skulen starta i 1972 som Ørsta/Volda interkommunale musikkskule. Frå 1978 vart det to sjølvstendige skular.

I dag får omlag 300 elevar opplæring i song, spel eller teikning/måling. Funksjonshemma elevar får spesielt tilrettelagt opplæring.

Skulen driv eit aspirantorkester for dei yngste strykarane og i samarbeid med Ørsta driv ein juniororkester og Sunnmøre ungdoms­symfoniorkester.

Skulen skipar til fleire konsertar og utstillingar kvart år, enten åleine eller saman med andre aktørar. Skulen samarbeider nært med lokalt kulturliv elles i kommunen.

Volda kulturskule har eigne lokale på Øyra skule. Så langt det er praktisk muleg blir det gitt undervisningstilbod i andre skulekrinsar. Dette er avhengig av tal på søkjarar til det enkelte tilbod og lærartilgang.

Rektor ved kulturskulen er Trude Rabben

Kontakt

Trude Rabben
rektor
E-post
Mobil 908 48 661