Samarbeid med kulturlivet

Volda kulturskule ønsker å ha eit tett og frukbart samarbeid med det lokale kulturlivet. 

Volda kulturskule ønsker å ha eit tett og frukbart samarbeid med det lokale kulturlivet. 

Vi samarbeider mellom anna både med Volda og Ørsta Kunstlag, Sunnmøre Kammermusikkfestival og vi er ein bidragsytar til lokale korps.

Elevane profiterer på dette samarbeidet både med tanke på motivasjon og meistring. 

Sunnmøre Kammermusikkfestival

Satsing på dei unge er ei uttalt målsetting for Sunnmøre Kammermusikkfestival.

Elevar frå kulturskulane på Søre Sunnmøre har i mange å deltatt på kammermusikkfestivalen sin meisterklasser og elevar har tatt del i konsertane som ein del av konkuransen om Sparebanken sitt talentstipend.

Dei siste åra vart det i tillegg arrangert ein konsert og musikkmøte i forkant av kammer­musikk­festivalen der fleire grupper frå kulturskulane vart invitert til å vere med.

Denne konserten er eit samarbeid med UNOF og Dextra Musica som har sponsa konserten med ein ung solist.

Alle elevar i kulturskulane får elles gratis inngang til konsertane på festivalen.

Kontakt

Trude Rabben
rektor
E-post
Mobil 908 48 661