Plass i kulturskulen

Slik søker du om plass i kulturskulen i Volda kommune.

Har du lyst å lære å spele eit instrument, eller kanskje er du meir interessert i teikning og maling?

Volda kulturskule har mange spennande tilbod, som du kan nytte deg av.

Søknadsfrist er sett til 1. mai i forkant av kvart skuleår.

Alle søknader på kulturskulen sine tilbod skal sendast via elektronisk søknadsskjema.

For aktive elevar

Dei som alt har plass i kulturskulen må registrere seg i kulturskulen sitt datasystem (Speedadmin).

Der må søkjarane legge inn informasjon om seg sjølv og føresette. Deretter kan du stadfeste om du vil halde fram i det komande skuleåret eller om du vil avslutte til sommaren.

Ein plass i kulturskulen er bindande og må seiast opp skriftleg. Frist for å seie opp plass for vårsemesteret er 1. desember. For haustsemesteret må oppseiing gjerast i samband med søknadsfrist for nytt skuleår.

Kontakt

Trude Rabben
rektor
E-post
Mobil 908 48 661