Vedtekter i Volda kulturskule

Vedtektene til kulturskulen, vedteke i driftsstyret den 28.mars 2012.

Vedtekter i Volda kulturskule

§ 1 FORMÅL

Det grunnleggjande synet i norske kulturskular er at alle elevar har rett til å få opplæring i samsvar med dei evner og føresetnader den enkelte har.

Undervisninga må ta utgangspunkt i at alle menneske har behov for å gje uttrykk for kjensler, tankar og fantasiar gjennom musikk, dans, drama eller bilde.

Volda kulturskule har som formål:

Å utvikle musikalske og skapande evner hos elevane, og fremje deira oppleving av og forståing for musikk og andre kunstfag som allmennmenneskeleg og kunstnarleg uttrykksform.

Å utvikle elevane sin dugleik innanfor kunstfaga utifrå den enkelte sine føresetnader, slik at dei først og fremst får ein meiningsfull og stimulerande fritidsaktivitet, dernest eit godt grunnlag for yrkesval innafor kunstfaga.

Å skape aktive lyttarar / tilskodarar som er i stand til å velje innafor det mangfald av kulturtilbod som finst i samfunnet.

Å vere ein ressurs for skuleverket og kulturlivet elles i kommunen i arbeidet med å oppnå best muleg opplæring, og fremje interesse for kulturfaga i nærmiljøet.

§ 2 ORGANISERING AV DRIFTA

Administrasjon: Skulen ligg administrativt under skulesektoren, på same måte som grunnskulane. Skulen vert leia av ein rektor, som har skulesjefen som næraste overordna. Rektor har ansvar for å ivareta den daglege drifta, gjere elevopptak, og vere med på å førebu saker for politiske organ.

Elevbetaling: Kommunestyret vedtek satsane for elevbetaling. Rekning vert sendt ut to gongar i året.

Lokalisering: Skulen har eigne lokale i Volda sentrum. I tillegg kan grunnskulane sine lokale nyttast til undervisning. Så langt det er praktisk mogleg blir det gitt eit desentralisert undervisningstilbod i Austefjord, Folkestad og Dalsfjord ungdomsskulekrinsar.

§ 3 ELEVOPPTAK

Elevar som har teke til i eit fag er prioriterte framfor nye elevar. Dette for å ivareta kontinuiteten i undervisninga.

Ved opptak blir dei eldste søkjarane prioritert framfor dei yngre. Øvre aldersgrense er 20 år. Søkjarar over 20 år kan likevel få plass dersom ein har ledig kapasitet.

Ved elevopptaket må det takast omsyn til trongen for grunnopplæring i korps og orkester, slik at desse vert sikra naudsynt rekruttering.

§ 4 RETNINGSLINER FOR ELEVANE

Elevane pliktar å møte presis og førebudde til undervisningstimane. Forfall må så langt råd er meldast til eleven sin lærar eller til skulen sitt kontor. Fråvær vert ikkje erstatta med nye timar.

Dersom eleven er vekke frå undervisninga to gonger utan å gi beskjed, tek læraren kontakt med heimen. Dersom det er snakk om manglande interesse eller disiplinære problem, kan eleven utelukkast frå undervisninga.