Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

Kommunane Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta samarbeidar om å tilby Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).

Tenesta jobbar på eit overordna nivå og skal i all hovudsak hjelpe leiinga i skulane og barnehagane med kompetanseheving og organisasjonsutvikling. 

Målet er å legge til rette for at alle får tilpassa, inkluderande og likeverdig opplæring. Slik kan ein hindre at barn vil trenge spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning.

PPT skal arbeide førebyggande, kome tidleg inn og bidra til heilskap og samanheng. Tenesta skal bygge på forsking og kunnskap.

Ulstein er vertskommune for det interkommunale samarbeidet. Du finn meir informasjon om PPT på Ulstein kommune si heimeside.