Skulehelseteneste i Volda kommune

Skulehelsetenesta er eit gratis tilbod til barn i grunnskulen og vidaregåande skule.

Skulehelsetenesta er ei lovpålagd teneste som skal finnast på alle barne-, ungdoms- og vidaregåande skular.

Denne tenesta kan bestå av helsesøster, skulelege, psykolog, fysioterapeut eller andre.

Det er skulehelsetenesta som er ansvarleg for vaksinasjon og gir i samarbeid med skulen tilbod om undervising i klasser, grupper og enkeltsamtalar.

Aktuelle tema for skulehelsetenesta - Klikk for stort bilete

 

Underlagt teieplikt

Ofte kan det vere nok å snakke med ein vaksen, men nokre gonger treng ein meir profesjonell hjelp. Då kan skulehelseteenesta setje deg i kontakt med til dømes fastlege, tannlege, fysioterapeut eller psykolog. 

All kommunikasjon med skulehelsetenesta er underlagt teieplikt.

Dersom du ikkje er nøgd med tenesta som helsestasjonen tilbyr, kan du klage til leiande helsesøster eller helsesjefen.

Dersom du meiner at du ikkje har fått fagleg forsvarleg hjelp på helsestasjonen, kan du klage til fylkeslegen.

Kontakt

Turid Sporsheim Urkegjerde
Helsesekretær
E-post
Telefon 70 05 88 20