Introduksjonsprogram for nykomne innvandrarar

Introduksjonsprogrammet er eit opplæringstilbod til nykomne flyktningar som er busett i Volda kommune etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Familiesameinte til flyktningar kan også delta. Målsettinga er at du skal bli økonomisk sjølvstendig gjennom utdanning og/eller jobb etter to år.

Føresetnad for å delta er:

  • du har behov for grunnleggande kvalifisering
  • du er i alderen 18 til 55 år
  • du har budd i landet under 2 år
  • du har fått asyl (utlendingsloven § 28), er overføringsflyktning (utlendingsloven § 35), har fornybar opphaldsløyve (utlendingsloven § 38 og § 53) eller har fått opphald som familiemedlemmer til ein av desse personar.

Korleis starte introduksjonsprogrammet?

 

Flyktningar som busettast i Volda kommune etter avtale med IMDi, vil få innkalling til samtale av Volda læringssenter.

Personar som kjem ved familieinnvandring må sjølv søke seg inn i programmet. Dei kan også ta direkte kontakt med Volda læringssenter for informasjon om rettar.

Kva er introduksjonsprogrammet?

 

Formålet med introduksjonsprogrammet er å styrke nykomne innvandrarars moglegheit for deltaking i yrkes- og samfunnslivet, og deira økonomiske sjølvstende.

Introduksjonsprogrammet skal leggast til rette for personar som har behov for grunnleggande kvalifisering. Introduksjonsprogrammet tar sikte på å

- gi grunnleggande ferdigheiter i norsk

- gi grunnleggande innsikt i norsk samfunnsfag

- førebu til deltaking i yrkeslivet

Programmet skal være helårlig og på full tid.

Programmet skal minst innehalde

- norskopplæring

- samfunnskunnskap

- arbeids- eller utdanningsretta tiltak.


Som deltakar  i introduksjonsprogrammet får du introduksjonsstønad. På årsbasis utgjør dette to gonger folketrygdens grunnbeløp. Personar under 25 år mottar 2/3 stønad. Per 01.05.2018 er årslønna kr 193 766,- for personar over 25 år og kr 129 177,33 for personar under 25. år. Stønaden er skattepliktig.

Krav til deltaking


For å kunne motta introduksjonsstønad må ein delta aktivt i introduksjonsprogrammet. Introduksjonsprogrammet følgjer arbeidslivets reglar for frammøte, og ikkje gyldig fråvær fører til trekk i stønad.

Kontaktperson/programrådgjevar


Kvar deltakar får ein kontaktperson ved Volda læringssenter. Kontaktpersonen blir kalt programrådgjevar og  har oppfølgingsansvar i hele programperioden.

 

Kontakt:

Volda læringssenter

Hamnegata 20 (1. og 3. etasje)

6100 VOLDA

 

Rektor

Stian Bjerkvik, tlf: 977 71 818

E-post: rektor.vls@voldaskulen.no

 

Fagleiar busetting og kvalifisering

Marianne Solheim, tlf: 468 33 458

E-post: marianne.solheim@volda.kommune.no

 

Linkar:

https://www.imdi.no/introduksjonsprogram/

 

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2003-07-04-80

 

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/g012016/id2511944/

 

https://www.imdi.no/om-imdi/aktuelt-na/introresultater-ett-ar-etter/

 

https://www.imdi.no/om-imdi/rapporter/2015/introduksjonsordningen-en-resultatstudie/

 

English:

https://www.imdi.no/en/the-introduction-programme/the-introduction-programme/