Norskopplæring

Volda læringssenter har ansvaret for å gi opplæring i norsk og samfunnskunnskap til vaksne innvandrarar i kommunen. 

Det vert gitt opplæring på ulike norsknivå frå A1 – B1. Undervisninga er i hovudsak på dagtid, måndag – torsdag, men Volda læringssenter kan i samarbeid med Ørsta opplæringssenter også tilby kveldskurs ved behov.
 

Følgjande har rett og plikt til 600 timar med gratis norskopplæring:

  • Flyktningar busette i kommunen 
  • Innvandrarar frå land utanfor EØS-området
  • Familiegjenforeinte med norske og nordiske borgarar
  • Asylsøkjarar som har fått opphaldsløyve i Noreg og ventar på busetting

50 av dei 600 timane skal vere undervisning i samfunnskunnskap på eit språk deltakaren forstår. Dei som treng meir undervisning, kan få inntil 2700 timar i tillegg til dei obligatoriske timane. Dei første 600 timane må takast ut innan 3 år, dei resterande innan 5 år.

Tidsfrist for gratis opplæring

"Personer med rett og plikt, eller bare rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, må gjennomføre opplæringen i løpet av tre år dersom de vil ha opplæringen gratis. Fristen begynner å løpe fra den datoen den enkelte fikk innvilget sin første oppholdstillatelse. Kommunene står fritt til å gi opplæring utover tidsfristen, men har ikke en plikt."
 

Følgjande har ikkje rett til gratis norskopplæring:

  • Nordiske borgarar (det vil seie borgarar av Sverige, Danmark, Finland og Island).
  • Studentar, arbeidsinnvandrarar og deira familiemedlemmar. 
  • Innvandrarar som har brukt opp timane sine eller har greidd nivå B1. 
  • Dei som har rett til opplæring, men som ikkje har teke ut timane sine innan fristen.

Påmelding til norskkurs:

Du kan kontakte Volda læringssenter direkte. 

 

Påmelding norskprøve:

 

Norskprøvene vert haldne i mai/juni og i desember kvart år

 

Norsk på høgare nivå (Bergenstesten)

Lenke til informasjon om eksamen, og påmelding kontakt Norsk språktest

Kontakt

Volda læringssenter, Hamnegata 20 (3. etasje), 6100 VOLDA

Kontaktperson: Assisterande rektor Kjell Tore Aarstad

Tlf: 41 37 11 20

E-post: ass.rektor.vls@voldaskulen.no