Vil du bidra til betre integrering?

For at innvandrarar skal verte integrerte i det norske samfunnet, er det ønskeleg at flest mogleg bidreg.

Her er fleire måtar du kan bidra på:

Samtalegruppe: Volda læringssenter, Hamnegata 20, 3. etasje

Tysdagar kl 13:00 – 14:00

Kvar veke har elevane ved norskopplæringa satt av ein time til samtalegruppe, kor frivillige kjem til læringssenteret for å øve norsk med elevane her. Vi delar elevane inn i små grupper, slik at dei får moglegheit til å praktisere den norsken dei har lært på skulen. Dette er eit veldig populært tilbod som mange set stor pris på.

Det er ope frammøte, man treng ikkje å melde seg på forhand, og man treng ikkje å kome kvar gong.

Lån ein Volding

På Volda bibliotek er det «Lån ein Volding» kvar laurdag kl 12:00 – 13:00.

Det er stort behov for frivillige.

Leksehjelp

Det er behov for leksehjelp for mange elevar ved Volda læringssenter. Ein kan bruke lokale ved læringssenteret i opningstida, eller ein kan bruke biblioteket i Volda til leksehjelp.

Ta kontakt med Volda læringssenter, så kan vi organisere dette.

Flyktningguide

Volda Røde Kors samarbeider med Volda læringssenter og Frivilligsentralen om Flyktningguide, for å opprette kontakt mellom flyktningar og lokalbefolkninga. Gjennom denne kontakta kan flyktningane byggje verdifulle sosiale nettverk.

Røde Kors har laga ein video om kor viktig språk er for integrering og kor mykje det betyr å ha ein god ven man kan vere trygg på når ein kjem til eit heilt nytt sted.

Sjå videoen og bli kjend med Samson fra Eritrea og flyktningguiden Arvid her. 

Vil du bruke litt av di tid til å gje menneske ein betre start i eit nytt land?

Facebook: Intro Volda

 

Habil

Er du flink til å køyre bil, og kan hjelpe andre til å bli det? Habil har fleire biler tilgjengeleg for deg, og Røde Kors kan sette deg i kontakt med personar som treng køyretrening.

Habil vil hjelpe flest mogleg til førarkort ved å tilby mengdekøyring med frivillige personar til personar utan sosialt nettverk.

Besøk heimesida til Habil her.

Facebook: Habil Volda

 

Kontakt

Fagleiar busetting og kvalifisering

Marianne Solheim

Tlf: 468 33 458

E-post: marianne.solheim@volda.kommune.no

 

Programrådgjevar

Ellen Hesselberg

Tlf: 900 85 498

E-post: ellen.hesselberg@volda.kommune.no

 

Programrådgjevar

Anette Berg

Tlf: 915 59 450

E-post: anette.berg@volda.kommune.no

 

Miljøarbeidar

Abdijabar Abokar

Tlf: 917 90 347

E-post: abdijabar.abokar@volda.kommune.no

Kontakt

Stian Bjerkvik
rektor
E-post
Mobil 977 71 818
Marianne Solheim
fagleiar, busetjing og kvalifisering av flyktningar
E-post
Telefon 468 33 458
Mobil 468 33 458