Bustønad

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning. I Volda kommune er det økonomiavdelinga som koordinerer søknadar og som kan hjelpe deg med søknad. Det er Husbanken som gjer vedtak om bustøtte.

Kven kan få bustøtte?

Personar med låg inntekt og høge bukostnadar kan få støtte.

 

Korleis søkje om bustøtte?

Du kan søke bustøtte elektronisk eller på papir. Søknadsfristen er den 25. kvar månad.

Klikk her for å søke om bustøtte elektronisk.

Klikk her for å søke om bustøtte på papir.

Dette må du legge ved søknaden:

  • husleigekontrakt, dersom du leiger bustad
  • nedbetalingsplan på bustadlån, dersom du eig bustad
  • dokumentasjon på eigedomskatt per år, dersom du bur i sjølveigd bustad (einebustad)

Informasjon om inntekta di blir henta inn automatisk gjennom søknadsprosessen. 

 

Søknadsfrist

Søknadsfristen er den 25. kvar måned.

 

Når kan du vente svar?

Du skal få svar på søknaden innen den 20. neste månad. Utbetaling skal komme ca den 20. neste månad.

 

Dersom du treng hjelp kan du kontakte sakshandsamar Bodil Egset.

Kontakt

Bodil Egset
Konsulent husbanken sine ordningar
E-post
Telefon 70 05 87 45
Mobil 902 85 020