Må eg søke for å bygge?

Enkelte byggesaker treng du ikkje å søke løyve om.

Dette gjeld ofte mindre type arbeid, og desse er fritekne frå søknadsplikta. På Direktoratet for byggekvalitet si heimeside finn du døme på kva som ikkje krev søknad.

Føremålet med søknadsplikta er at kommunen skal kunne vurdere tiltaket i forkant, slik at arbeid ikkje vert starta opp i strid med reglar i gjeldande lovverk.

Om du ønskjer å setje i gang med eit arbeid kan du be om eit møte hos oss, så skal vi gje deg rettleiing.

Du kan søkje opp eigedomen din på kommunekart.no og få informasjon om kva reguleringsplanen seier om det området du er interessert i å bygge på.

Nyttige lenker

Kontakt

Jørgen Vestgarden
avdelingsleiar
E-post
Mobil 904 70 915