Ferdigattest

Når byggearbeidet ditt er utført, må du søkje om ferdigattest. Byggverk må ikkje bli tatt i bruk før det er gitt førebels bruksløyve eller ferdigattest.

Kva kan du forvente?

Etter at du har levert søknaden din om ferdigattest, vil sakshandsamar sjekke at tiltaket har blitt gjennomført i samsvar med byggeløyvet.

Ferdigattest vert så sendt ut til deg.

Kva kostar det?

Ferdigattest inngår i kostnaden av den summen du betalte når du leverte byggesøknad. Du treng derfor ikkje å betale for ferdigattest.

Korleis søkjer du?

Du søkjer ved å sende inn søknadsskjema for ferdigattest.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 3 veker.

Nyttige lenke