Kva kan eg søke om sjølv?

Enkelte byggetiltak kan du sjølv stå ansvarleg for. Då kan du søke om byggeløyve utan ansvarsrett.

Kva tiltak gjeld dette?

  • Enkelt tilbygg opp til 50 m² bruttoareal(BRA) og- eller bebygt areal (BYA)
  • Ei enkel frittliggande bygning med ein etasje, men den kan vere underbygt med kjellar. Samla areal kan ikkje vere større en 70 kvm bruttoareal (BRA) og/eller bebygt areal.
  • Bruksendring frå tilleggsdel (td. bod) til hovuddel (td. soverom) eller omvendt innanfor ei brukseining.
  • Skilt- og reklameinnretning inntil 6,5 m² montert på vegg, eller med høgde inntil 3,5 m og bredde inntil 1,5 m montert frittståande på terreng. (Her må personsikkerheit, traffikksikkerheit ol. vurderast i kvart tilfelle, så det anbefalt å ta kontakt med kommune før slike tiltak.)
  • Alminnelege driftsbygningar i landbruket, ta kontakt med kommunen for meir informasjon.

Dersom det tiltaket du tenkjer å gjennomføre ikkje er med i lista over, oppmodar vi deg til å ta kontakt med kommunen for nærmare informasjon.

Kva ansvar du har?

Du som tiltakshavar pliktar deg til å sette deg inn i aktuelt lovverk, planar, planføremål, føresegner, kart ol. for den eigedomen tiltaket skal utførast på.

Når kan du vente svar?

Vi handsamar søknaden din så fort som råd og du får svar innan 3 veker.

Nyttig lenker