Rive bygg eller delar av bygg

Dersom du skal rive eit bygg, eller delar av eit bygg, er det fleire ting du må gjere på førehand. 

Rive utan å søkje

Bygg som du har lov å byggje utan å søkje, kan du også rive sjølv. 

Om ditt rivetiltak fell innunder denne kategorien kan du sjekke på heimesidene til Direktoratet for byggekvalitet.

Dersom bygget du ønskjer å rive er nemnd i oversikta frå direktoratet for byggekvalitet, kan du rive dette sjølv.

Andre type rivetiltak må du ha hjelp til av fagfolk.

Søke med hjelp av fagfolk

For alle større rivetiltak må du ha eit ansvarleg føretak som står for søknaden.

Før rivinga vert sett i gang, må den naudsynte prosjekteringa vere gjennomført.

Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess, som til dømes ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt. 

Firmaet må ha erklært ansvarsrett for sine fagområde.

Kva må du gjere?

  • Teikn eit kryss på situasjonsplanen over bygget som du søker om å rive.
  • Send inn teikningar eller foto som viser bygget.
  • Du må opplyse kva som er føremålet med rivinga og korleis tomta skal opparbeidast etter rivinga.
  • Send inn erklæring/stadfesting på at dei som har pengehefting i eigedomen er varsla, seinast ved søknad, om løyve til å setje i gang. 
  • Send inn stadfesting på at bygget er fråflytta, seinast ved søknad om løyve til å sette i gang.

Viktig å hugse

  • Kvitt deg med avfallet på ein miljøriktig og lovleg måte.
  • Rivearbeid skal sikrast i samsvar med plan- og bygningslova  § 28-2.
  • Kontakt kommunen om det er eit eldre bygg.
  • Kontakt kommunen når det gjeld å plombere vatn- og avlaupsleidningar. 
  • Kontakt andre leidningseigarar når det gjeld leidningar  i lufta eller i grunnen (t.d. telefon, breiband, vatn).

Kva kan du forvente?

Du kan forvente at søknad vert handsama innanfor det gjeldande lovverket utan ugrunna opphald.

Når kan du vente svar?

Volda kommune vil handsame søknaden din så fort som råd, og seinast innan tre veker.

Nyttige lenker