Etter at du har levert søknaden din om ferdigattest, vil sakshandsamar sjekke at tiltaket har blitt gjennomført i samsvar med byggeløyvet.
Ferdigattest vert så sendt ut til deg.
Kva kostar det?
Ferdigattest inngår i kostnaden av den summen du betalte når du leverte byggesøknad. Du treng derfor ikkje å betale for ferdigattest.
Korleis søkjer du?
Du søkjer ved å sende inn søknadsskjema for ferdigattest (dibk.no).
Når kan du vente svar?
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 3 veker.
Nyttige lenke