Deling og rekvisisjon av oppmålingsforretning

Kvifor må du søkje om deling/rekvisisjon av oppmålingsforretning?

Deling av eigedom er søknadspliktig etter plan- og bygningslova.

Korleis søkjer du?

Du må fylle ut og sende inn Søknad om deling og oppmålingsforretning (PDF, 30 kB), i tillegg til å leggje ved relevante vedlegg (sjå neste punkt), til kommunen.

For spørsmål og rettleiing, spør gjerne kontaktpersonane som er opplyst nedst på denne sida.

Kva må eg leggje ved i søknaden?

Du må sende inn komplett utfylt søknad med situasjonskart, planopplysningar, skjema for nabovarsling og utskrift av reguleringskart (dersom eigedomen er regulert).

Det er generelt forbod mot deling og bygging i Landbruks-, Natur- og Friluftsområde (LNF-område).

I dei fleste av desse områda føreset bygging eller deling til anna formål enn landbruk, dispensasjon frå kommuneplan og handsaming etter jordlova.

Kontakt

Torgeir Stensø
planleggar
E-post
Telefon 70 05 87 55
Mobil 414 87 243