Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Feiing av skorstein og tilsyn med fyringsanlegg er ei lovpålagt teneste som kommunen er pliktig til å utføre i alle hus med skorstein og eldstad.

Fritidsbustadar skal også ha feiing og tilsyn dersom det er montert eldstad som er i bruk.

Feiing og tilsyn skjer etter avtale mellom huseigar og feiar.

Dine pliktar ved feiing

Før feiaren kjem, må du som huseigar:

  • Stenge spjeld, ventilar og luker.
  • Sjekke at eldstad og luker i skorstein er tette slik at sot ikkje kan kome inn.
  • Sløkke alle eldstadar.
  • Varsle eventuelle leigebuarar i huset.
  • Syte for god og sikker tilkomst på taket og setje fram veggstige.
  • Sikre tilkomst dersom feieluka er på loftet.

 

"Feiaren kjem!"

Dette er ei melding som kjem frå feiaren nokre dagar i forkant av feiing eller tilsyn. Meldinga vert sendt ut som tekstmelding til dei som har mobiltelefon, og ein svarar 1 dersom tidspunktet passar, eller 2 om det ikkje passar.

Dersom tidspunktet ikkje høver må ein sjølv ta kontakt for å avtale ny tid.

Vert det ikkje meldt tilbake om at huset er klargjort for feiing, vert det ikkje feiing.

Gebyr

Alle som har montert eldstad i hus eller fritidsbustad må betale ei avgift til kommunen, uavhengig om ein brukar det eller ikkje. Dei aller fleste har lik avgift, men dei som fyrer slik at det vert mykje sot og treng oftare feiing enn kvart 3dje år, må betale høgare avgift enn dei som har lite sot i skorsteinen. Det kan vere ulike årsaker til at ein får mykje sot i skorsteinen, men den vanlegaste er at ein ikkje har skifta ut til reintbrennande omnar.  Gamle omnar produserer opp til 10 gongar meir sot enn nye reintbrennande, brukar meir ved og er mindre miljøvennlege.

Storleiken på avgifta vert vedteken i kommunestyret kvart år og dekker kommunen sine totale kostnader med tilsyn og feiing hjå alle abonnentar etter behovsbasert intervall.

Kva kostar det?

Gebyr for feiing og branntilsyn
Gebyrsats Eining Pris inkl. mva
A Brannførebygging bustadhus gruppe 1 688,-
B Brannførebygging fritidsbustad 675,-
C Brannførebygging gruppe 2 1 063,-
D Fresing av beksot (per pipe) 2 500,-
E Timesats * 850,-

Alle summar er inklusive mva.

Behovsprøvd tilsyn er inkludert i feiegebyret.

A. Brannforebygging bustadhus gruppe 1: Dei med normal sotmengde og låg risiko som treng skjeldan feiing/tilsyn (3-6 år) 

B. Brannførebygging fritidsbustadar: Hytter / fritidsbustader

C. Brannforebygging gruppe 2: Stor sotmengde/Fleire skorsteinar/høg risiko som treng ofte feiing/tilsyn(1 -2 år) 

D. * Vert nytta ved anna arbeid utanom lovpålagd feiing og tilsyn, som t.d. kontroll av røykløp etter pipebrann, fabrikkpiper, ekstra feiing og andre tenester som ikkje er dekka av det ordinære feietilsynet.

Pris for feiing er heimla i lokal forskrift om lovfesta feiing og tilsyn (PDF, 449 kB) i Volda kommune.

Kontakt

Knut Øystein Ekroll
branningeniør
E-post
Mobil 99 77 33 70