Kommunale avgifter

Innsyn kommunale utgifter

 

Logg inn og sjå dine fakturaar frå kommunen

 

Vil du ha månadleg faktura for kommunale gebyr og eigedomsskatt?

Du kan få månadleg fakturering for kommunale gebyr og eigedomsskatt.

Volda kommune sender ut faktura for kommunale gebyr og avgifter fire gonger i året. Du kan velje å få faktura månadleg.   

Dersom du ønsker å få månadleg fakturering må du melde frå.   

Månadleg faktura føreset at du har avtale om avtalegiro eller e-faktura i nettbanken  din med Volda kommune.

Bestill månadleg faktura for kommunale gebyr og eigedomsskatt.

Vi får av og til spørsmål om faktura knytt til enten digipost, avtalegiro og/eller e-faktura. 

Ønsker du månadleg fakturering frå Volda og Ørsta reinhaldsverk, ta kontakt med dei på e-post: firmapost@vor.no

Søke om fritak frå eigedomsskatt?

 

Her er våre retningsliner om kven som kan få redusert eigedomsskatt:

  • Husstandar med ei samla brutto årsinntekt lågare enn 3G (folketrygda sitt grunnbeløp x 3) ved siste skattemelding, kan søkje om fritak. Som inntekt reknast løn, pensjonar, renteinntekter, aksjegevinstar mm.
  • Bur det fleire enn søkjar i bustaden vil desse vert rekna med som ein del av hustanden og deira bruttoinntekt vert lagt saman med søkjar si brutto inntekt. Dette gjeld også heimebuande born over 18 år. 
  • Eventuell inntekt frå leigebuar vert rekna som inntekt for søkjar.
  • For einlege forsørgjarar kan samla brutto årsinntekt vere opptil 3,5G ved siste skattemelding.
  • Viss husstanden si samla bankinnskot er større enn 1G (folketrygda sitt grunnbeløp), vil ein ikkje få fritak frå eigedomsskatt. Dette gjeld berre for personar over 18 år med inntekt.
  • Søkjar må sjølv bu på eigedomen.
  • Det er ikkje fritak frå eigedomsskatt på fritidsbustadar og sekundærbustadar.

Jamfør lova så gjeld fritaket berre for eit år om gangen og ein må søkje på nytt kvart år.
1G er per 1. mai 2022 111 477 kroner. 3G blir då per dags dato 334 431 kr og 3,5G er 390 170 kroner.

Til søknadsskjema om fritak frå eigedomsskatt

Digipost

Ofte når ein manglar ein faktura, så handlar dette om at fakturaen er blitt sendt til digipost (di digitale postkasse) i staden for di vanlege postkasse. Vi har vore i kontakt med digipost, som opplyser om at dei som opprettar ein konto på digipost, godtek at det offentlege kan sende brev som t.d. faktura her. 

Om du ikkje ønskjer å få offentlege brev og faktura i di digitale postkasse, må du reservere deg. Dette er ei personleg sak, som kommunen ikkje kan gjere for deg. Her finn du ein rettleiar for korleis du går fram for å reservere deg (norge.no).

Har du problem, kan du ringe tlf: 800 30 300

Andre spørsmål om digipost, får du svar på her: Norge.no -  Digipost

Avtalegiro/e-faktura

Vi får av og til spørsmål om kvifor ein ikkje kan sjå faktura i nettbank når ein har avtalegiro. Svaret frå banken er at det ikkje er ei slik visning av faktura ved avtalegiro i nettbank, men at ein kan gå inn på avtalen og hake av at ein ynskjer kopi av faktura tilsendt i postkassa.

Ved e-faktura er det ingen problem med å få opp faktura i nettbank, denne løysinga fungerer fint i nettbank.

Om du har fleire spørsmål knytt til dette, kan du kontakte din private bank.