Varsel om oppstart av detaljregulering av Storgata 7 og 9 i Volda kommune

PlanID: 1519-2018003

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 varslar ein med dette oppstart av arbeid med detaljregulering av gbnr. 19/170 i Volda kommune. Namn på planen er "Detaljregulering av Storgata 7 og 9".

Planområdet på om lag 1,55 daa, ligg mellom Storgata, Smithsgate og Seljebakken i Volda sentrum.

Målet med planarbeidet er å legge tilrette for etablering av attraktive sentrumsleiligheiter ved sanering av utdatert bygningsmasse på gbnr. 19/17 til fordel for nybygg og tilbygg til gbnr. 19/170. Planområdet inngår i det kommunen definerer som areal med utviklings- og fortettingspotensiale i indre sentrumssone - der ein bør prioritere større grad av leiligheiter og høgare grad av arealutnytting. I samsvar med politisk signal om fortetting og bygging i høgda, planlegg ein såleis for inntil 5 etasjar over tilstøytande gateplan. 

Informasjon og medverknad

For informasjon undervegs i planarbeidet kan ein kontakte:

Tore Aarflot, tlf.: 99522999, e-post: tore@mre.no

Per Mulvik AS v/Jan Magnus Ose, tlf.: 70074994, e-post: jan@mulvik.no 

Ein inviterer også til ope møte på samfunnshuset torsdag 27. juni kl. 17, der arkitekt Georg Grimstad orienterer og svarar på spørsmål.

Frist for merknader: 29.07.2019

Merknader til oppstartsmeldinga

Eventuelle merknader/innspel til planarbeidet merkast med "planID: 1519-2018003" og sendast anten som e-post til jan@mulvik.no eller som brev til: Per Mulvik AS, Holmen 7, 6100 Volda

Her er dokument knytt til høyringa:

 

Detaljregulering for Storgata 7 og 9 gbnr 19/17 og 170
Tittel Publisert Type
Kommuneplan

20.06.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 31_Vedlegg05Kommuneplan11000[1].pdf
Ortofoto

20.06.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 29_Vedlegg03Ortofoto11000[1].pdf
Oversiktskart

20.06.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 28_Vedlegg01Oversiktskart110000[1].pdf
Plangrense

20.06.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 5_Vedlegg02Plangrense1500[1].pdf
Planinitiativ inkl vedlegg 22.10.2018

20.06.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 32_Vedlegg06Planinitiativinklvedlegg[1].pdf
Referat frå oppstartsmøte 05.11.2018 - Detaljregulering for Storgata 7, 8 og 9, PLANID 2018003

20.06.2019 Filtype: PDF. Klikk for å laste ned 2_Vedlegg07Referatoppstartsmoete[1].PDF
Reguleringsplanar

20.06.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 30_Vedlegg04Reguleringsplanar11000[1].pdf
Varslingsbrev 17.06.2019 Detaljregulering for Storgata 7 og 9

20.06.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 0_2818Varslingsbrev20190617[1].pdf
Vedtak i Formannskapet 05.02.2019

20.06.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 33_Vedlegg09VedtakiFormannskapet[1].pdf
Vedtak i Forvaltningsutvalet 29.01.2019

20.06.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 16_Vedlegg08VedtakiForvaltningsutvalet[1].pdf