Varsel om oppstart av planarbeid og høyring av planprogram - kommunedelplan for fysisk aktivitet og anlegg for idrett, friluftsliv og nærmiljø

Volda formannskap vedtok i møte 16.10.2018, sak 151/18, oppstart av arbeid med kommunedelplan for fysisk aktivitet og anlegg for idrett, friluftsliv og nærmiljø og høyring av planprogram.

Frist for å kome med innspel og merknader 7.12.2018.

Formålet med arbeidet er å gjennomføre hovudrullering av kommunedelplan for fysisk aktivitet og anlegg for idrett, friluftsliv og nærmiljø. Hovudrullering inneber full gjennomgang av planen med sakshandsaming etter reglane i plan- og bygningslova. Planen er forankra i kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel.

Planen skal gi grunnlag for å søkje om spelemidlar til idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg til friluftsføremål.

Du finn meir informasjon i høyringsutkast til planprogram for kommunedelplanen nedanfor.

 

Innspel og merknader til planprogrammet og arbeidet med kommunedelplanen skal vere skriftlege og sendast som brev eller e-post til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda eller postmottak@volda.kommune.no

Frist for å kome med innspel og merknader til planprogrammet og innspel til ny kommunedelplan er 7.12.2018.

 

Kommunen inviterer til orienteringsmøte om planarbeidet tysdag 30.10. 2018 kl. 17.00 i kommunestyresalen på Volda samfunnshus.

 

Lenke til dokument: