Kommuneplanen sin arealdel 2018-2030

Informasjon om arbeidet med kommuneplanens arealdel i Volda.

Planprogrammet for arealdelen vart fastsett av Volda kommunestyre 15.12.2016. I dag har Volda kommune ein arealdel for heile kommunen, i tillegg til ei rekke kommunedelplanar for mindre område.

Eit av måla med denne prosessen er å samle alle kommunedelplanane i ein felles arealdel.

Noko av grunnlagsmaterialet har vore handsama politisk, eller vore ute på høyring.

Kunnskapsgrunnlaget er viktig i vurderinga av framtidig arealbruk i kommunen.

Vinteren 2019 skal administrasjonen legge fram forslag til ny arealdel for Volda kommune, inkludert ROS-analyse og konsekvensutgreiing.

Planforslaget skal handsamast av formannskapet som eventuelt gjer vedtak om høyring og utlegging til offentleg ettersyn.

Meir informasjon om føringar, viktige tema og prosess finn ein i kommuneplanen sin samfunnsdel og planprogrammet.

Sentrale dokument:

Kommuneplanar

Fritidsbusetnad, setrar og naust
Landbruk og næringsmiljø

Kontakt

Regine Solberg Aklestad
planleggar og miljørådgjevar
E-post
Telefon 70 05 88 84
Mobil 476 65 648