Kva er ein kommuneplan?

Kommuneplanen er kommunens overordna styringsdokument og skal gje rammer for kommunens planar og tiltak, og planar for bruk og vern av areal i kommunen. 

Planlegginga skal stimulere og samordne den fysiske, miljømessige, økonomiske, sosiale, kulturelle og estetiske utviklinga i kommunen, og sikre befolkningas moglegheitar for påvirking av kommunens utvikling.

Ein samla kommuneplan består både av ein samfunnsdel med handlingsdel og ein arealdel. Det er eit viktig prinsipp at kommuneplanen skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver. 

Kva er planstrategi?

Målet med den kommunale planstrategien er å setje fokus på ei positiv utvikling i kommunen.

Kommunal planstrategi er ikkje ein plantype, men eit hjelpemiddel for kommunen til å fastleggje vidare planarbeid.

Kommunen har plikt til å utarbeide kommunal planstrategi minst ein gong kvar valperiode og vedta den seinast eit år etter kommunestyrets konstituering.

Ved behandlinga skal kommunestyret ta stilling til om gjeldande kommuneplan eller deler av denne skal reviderast, eller om planen skal videreførast utan endringar.

Kva er planprogram?

Alle kommuneplanar skal ha eit planprogram som grunnlag for planarbeidet.

Dette er regulert i Plan- og bygningslova, § 4-1:

“Planprogrammet skal gjøre rede for formålet med planarbeidet, planprosessen med frister og deltakere, opplegget for medvirkning, spesielt i forhold til grupper som antas å bli særlig berørt, hvilke alternativer som vil bli vurdert og behovet for utredninger. Forslag til planprogram sendes på høring og legges ut til offentlig ettersyn samtidig med varsling av planoppstart.”

Kva er delplan for samfunn?

Kommuneplanens samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet. Dette gjeld kommunen som heilskap og som organisasjon.

Denne delen bør innehalde skildring og vurdering av alternative strategiar for utviklinga i kommunen.

Kommuneplanens samfunnsdel skal vere grunnlag for sektorenes planar og verksemd i kommunen. 

Handlingsdelen

Kommuneplanen skal som ein del av samfunnsdelen ha ein handlingsdel.

Handlingsdelen skal innehalde eit handlingsprogram for å gjennomføre kommuneplanens samfunnsdel for dei fire påfølgjande budsjettåra, eller meir.

Handlingsdelen gjer grunnlag for kommunens prioritering av ressursar og oppgåver. Handlingsdelen skal konkretisere tiltak innanfor kommunens økonomiske rammer, og oppdaterast årleg.

Kommuneplanens arealdel

Kommunen skal ha ein arealplan for heile kommunen som syner samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk.

Kommuneplanens arealdel skal omfatte plankart, avgjerder og planskildringar der det går fram korleis nasjonale mål og retningslinjer, samt overordna planar for arealbruk, er ivaretekne.