Medverknad til kommuneplanen sin samfunnsdel

Korleis vil du at Volda skal vere i framtida?

Når ein skal lage ein kommuneplan er det viktig å involvere innbyggjarane i kommunen.

Korleis vil vi at Volda skal vere i framtida? Det er politikarane i Volda som skal vedta kommuneplanen, men dei ynskjer innspel frå innbyggjarane.

Hausten 2015 vart det gjennomført ei rette medverknadsprosjekt, med mål om å sikre brei deltaking i prosessen. 28. januar 2016 vart innspela overrekt kommunestyret. Innspela skal, saman med nasjonale, regionale og lokale føringar, nyttast som grunnlag for utarbeiding av samfunnsdelen.

Innspel frå administrasjonen

Sektorleiarane i Volda kommune har, saman med sine sektorar, arbeida med kommuneplanen sin samfunnsdel hausten 2015.

Innspelet frå administrasjonen inneheld ei rekke framlegg til mål og strategiar.

Innspel frå arbeidsmiljøutvalet

Kommuneplanen sin samfunnsdel skal omhandle både kommunesamfunnet som helheit, og kommunen som organisasjon.

Arbeidsmiljøutvalet fokuserte på kommunen som organisasjon, og har komet med innspel til temaa omdøme, arbeidsmiljø, sjukefråver og rekruttering.

Innspel frå Ungdomsrådet

Kommuneplanen har vore tema på alle møta i ungdomsrådet hausten 2015. Ungdomsrådet har samla innspel frå skuleklassar, elevråd og andre ungdommar i heile kommunen.

På møta i ungdomsrådet har desse innspela vore presentert og diskutert. Innspela er samla i eit hefte "Melding frå dei unge", og inneheld både utfordringar, kvalitetar og ynskjer for framtida.

Innspel frå politiske råd og utval

Kommuneplanen sin samfunnsdel har vore tema på møte i driftsstyret, forvaltningsstyret, eldrerådet og kommunalt råd for funksjonshemma (FUNK).

Drifts- og forvaltningsstyret vart bedd om å svare på ei rekke spørsmål henta frå planprogrammet, medan eldrerådet og FUNK kom med framlegg til mål og strategiar til dei ulike tema.

Innspel frå Tenketanken

"Tenketanken" vart etablert i samband med kommunereformprosessen, men har også vore nytta i kommuneplanarbeidet.

Tenketanken består av representantar frå ungdomsrådet, eldrerådet, kommunalt råd for funksjonshemma, grendelaga, Volda Næringsforum, frivillig sektor, Høgskulen i Volda og Volda sjukehus. Det vart arrangert to møte med Tenketanken hausten 2015.

Innspel frå "Folk i gata"

Hausten 2015 hadde vi eit prosjekt vi kalla "Folk i gata". I samband med dette vart det laga små oppgåvehefte med spørsmål henta frå planprogrammet.

Hefta vart delt ut til "folk i gata", på kafear, på ferga, på høgskulen og andre stader i Volda. Hefta vart også lagt ut på kommunens heimeside.

Det vart laga eit eiga hefte med "innspel frå studentar" og eit hefte med "innspel frå Volda pensjonistlag", med spørsmål spesielt tilpassa desse gruppene.

I tillegg vart det gjennomført ein medverknadsprosess med elevar frå Volda læringssenter.