Krav om samanslåing

Krav om samanslåing

Dersom du eig to eller fleire eigedomar (matrikkeleiningar) i ei kommune, kan du kreve å få dei samanslått til ein eigedom med eitt gards- og bruksnummer.

Kven kan få denne tenesta?

Det er eigar, altså den som har grunnboksheimelen, som kan kreve samanslåing av eigedomar. Eigedomane må ligge i samme kommune.

Kva kan du forvente?

Kommunen vil vurdere om villkåra for samanslåing er innfridd. Det vil bli laga ein attest dersom villkåra for samanslåing er innfridd. 

Det er kommunen som bestemmer kva bruksnummer/festenummer som skal bestå i eigedomsregisteret (matrikkelen) og kva som skal gå over til historiske. Eigar bør informere dersom der er ønske knytt til dette. 

Kva kostar tenesta?

Tenesta er gratis, men det kan komme kostnader for tinglysing.

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

Send inn skjemaet under. Husk signatur frå heimelshavarar.

Her er skjema for samanslåing av matrikkeleiningar (eigedomar).