Feiing

Feiing av skorstein og tilsyn med fyringsanlegg vert tilbydd til alle huseigarar og utført etter behov.

Fritidsbustadar skal også ha feiing og tilsyn dersom det er montert eldstad som er i bruk.

Feiing og tilsyn skjer etter avtale mellom huseigar og feiar.

Dine pliktar ved feiing

Før feiaren kjem, må du som huseigar:

  • Signère varsellapp og henge den på ytterdøra di.
  • Stenge spjeld, ventilar og luker.
  • Sløkke alle eldstadar.
  • Varsle eventuelle leigebuarar i huset.
  • Setje fram veggstige.
  • Sikre tilkomst dersom feieluka er på loftet.

"Feiaren kjem!"

Dette er ei melding som kjem frå feiaren nokre dagar i forkant av feiedato, med informasjon om feiing og pliktene til huseigar.

Tilbakemelding til feiaren skjer på same skjema, og er ei melding frå huseigar om at huset er klargjort for feiing. Denne meldinga skal hengast på ytterdøra, slik at den er lett synleg for feiaren når han kjem for å feie.

Manglar tilbakemelding om at huset er klargjort for feiing, vert det ikkje feiing, men det vert likevel kravd inn feieavgift for forarbeid og frammøte.

Kva kostar det?