Bustadtomter på Gjerdeplassen på Fyrde

3 einebustadtomter og 1 K-areal ledig.

Gjerdeplassen bustadfelt på Fyrde i Austefjorden er klar for utbygging.

4 tomter for frittliggjande småhus  og 1 tomt for konsentrert småhus  ligg no klar for sal i lett hellande terreng, solrikt og  sørvendt  og med fantastisk utsikt.. Midt mellom fjell og fjord, og med unike moglegheiter for friluftsliv . Austefjorden har også mange aktive lag og foreininga.  Feltet ligg like ved Austefjord skule,  kort veg til barnehage og butikk.  Med bil kjem du til Volda sentrum på 15 min. og om lag same tid treng du til Grodås på den nye Kvivsvegen.  God forbindelse med kollektivtransport dageleg i nærområdet frå Geitvika til Volda og mot Stryn-området. Både dag og nattbussar til Oslo går her

Einebustadtomtene har ein størrelse frå 935 m³ til 1195 m³ og prisen vil ligge mellom 168.220,- og 195.000,- pr. mars 2013.

Tomta for konsentrert bustadbygging er 1174 m³, og pris pr. mars 2013 er om lag 688,000- . I tillegg til alle prisane kjem pris for oppmåling og tinglysing av målebrev, samt tilkoplingsavgift vatn og kloakk.