Møteplassen Gnisten er eit lågterskeltilbod for menneske over 18 år som har, eller har hatt, psykiske vanskar/lidingar. Her møtest ein i ei trygg og opa atmosfære og driv ulike aktivitetar.
Tilbodet er ein del av Volda kommune si rus- og psykisk helseteneste, og held til i prestegarden i Volda sentrum (Prestegata 2). Huset delast med arbeidstreningstilbodet Styrk Arbeid.
Deltakarar på Gnisten møtast i ei trygg og opa atmosfære og driv ulike aktivitetar med dei ressursane dei har. Forutan turar, yoga og matlaging, driv ein med keramikk, småsløyd, glaskunst, handarbeide av alle slag, måling, dekoupage og anna kjekt som kan gjerast på eit hobbybord. Produkta som blir laga selgast i Hjartekråa på Prestegarden.
Gnisten er i stor grad deltakarstyrt og deltakarane er med og formar dagane sjølve. Gnisten samarbeider med lag og organisasjonar, kunstnarar, musikarar, galleri, skular, helse- og sosialtenestene, helseføretak, andre dagsenter/møteplassar.
Møteplassen Gnisten held til i prestegarden i Prestegata 2, og har fylgjande opningstider;
Måndag |
Open dag |
Kl. 10.00 - 15.00 |
Tysdag |
Turdag |
Kl. 11.00 - 15.00 |
Onsdag |
Gruppedag |
Kl. 10.00 - 15.00 |
Torsdag |
Open dag |
Kl. 13.00 - 19.00 |
Fredag |
Gruppedag |
Kl. 11.00 - 15.00 |
Kontakt
Gnisten dagsenter
Telefon: 959 40 890
Telefon: 916 34 550
Gnisten kan følgast på facebook.