Dagsenter for eldre

Dagsenteret er eit aktivitetstilbod for heimebuande med hjelpe-/ omsorgsbehov i Volda sentrum og næraste omegn.

Vi har tre avdelingar, der ei er eit tilbod retta mot personar med demens. Dagsenteret har også eigne dagaktivitetsplassar for yngre personar med demens.

Dagsenteret har lokale i 1. etasje på Volda omsorgssenter.

 
Teneste-tilbod:
Dagsenteret er ope på kvardagar mellom 09.00 og 15.00. Betalingssatsane er vedtekne av kommunestyret.

Tilbodet inkluderer transport til og frå Dagsenteret, middag/ kaffi og deltaking i gruppeaktivitetar (dagsturar kan ha ein eigenandel).

 

Aktivitetar:
Dagsenteret arrangerer ulike temaveker, som t.d matveker, vinterveke, erindringsveke, og aktivitetar som fylgjer årstider og høgtider.

Dagsenteret har som mål å tilby fysisk aktivitet kvar dag som t.d. trim, turar, sittedans, sykling med motiview,  styrke/balanse-trening og senioryoga.

Vi har utandørs trimpark, drivhus, kjøkkenhage, driftar hønsehus og har eigen gapahuk. Rundt omsorgssenteret er det gode turstiar.

Andre aktivitetar er: kor, dramagruppe, minibuss-turar, matlaging, konsertar, erindrings-gruppe og diverse handverk.