Gnisten dagsenter

Møteplassen Gnisten er eit lavterskeltilbod for menneske over 18 år som har eller har hatt psykiske vanskar/lidingar.

Her møtest ein i ei trygg og opa atmosfære og driv ulike aktivitetar med dei ressursar ein har. Gnisten er i stor grad brukarstyrt og brukarane er med og formar dagane sjølve.

Gnisten samarbeider med lag og organisasjonar, kunstnarar, musikarar, galleri, skular, helse- og sosialtenestene, helseføretak, andre dagsenter/møteplassar.

Møteplassen Gnisten held til i prestegarden i Prestegata 2, og har fylgjande opningstider;

Måndag Open dag Kl. 10.00 - 15.00
Tysdag Turdag Kl. 11.00 - 15.00
Onsdag Gruppedag Kl. 10.00 - 15.00
Torsdag Open dag Kl. 13.00 - 19.00