Hamna dagsenter

Hamna dagsenter er eit interkommunalt tilpassa dagtilbod for menneske med utviklingshemming, heimehøyrande i Ørsta og Volda kommune. Senteret held til i Hamnegata 20 i Volda. 

Tilbodet til brukarane ved Hamna dagsenter blir individuelt tilrettelagt utifrå den einskilde sine behov for aktivisering, trening og meistring. For mange er dagsenteret ein arbeidsplass der tilpassa arbeidsoppgåver gir auka sjølvkjensle, glede og meining i kvardagen.