Teneste for funksjonshemma

Tenesta for funksjonshemma yter tenester som fremjar livskvalitet gjennom tillit, tryggleik og trivsel. 

Dette fremjar auka sjølvstende og medbestemmelse i eigen bustad, utfrå individuelle føresetnadar og behov.

Tenesta legg til rette for aktivitetar som gir kjensle av meistring og glede, som gir eit meiningsfyllt innhald i kvardagen, samtidig som brukarane kan nytte dei ordinære tilboda i lokalsamfunnet innan helse, kultur og fritid.

Bustadtenesta:
Yter tenester til brukarar i eigen heim og i samlokaliserte omsorgsbustader. Samlokaliserte omsorgsbustader har Volda kommune på Sevrinhaugen 1., Kleppevegen 1. og Bømarka 8.

Dagsenter:
Hamna dagsenter er eit interkommunalt tilbod mellom Ørsta og Volda. Senteret har lokale i Hamna 20 og er eit tilbod for personar med utviklingshemming.

Målsettinga er at tilbodet til den einskilde brukar blir individuelt tilrettelagt utifrå den einskilde sine behov for aktivisering og trening.

Kontakt

Oddbjørg Langøy
leiar
E-post
Telefon 70 05 40 06
Mobil 918 53 604