Ergoterapi

Ergoterapeuten arbeider med menneske som har, eller står i fare for å få problem med å meistre aktiviteter som er ei sjølvfølge i kvardagen.

Når dei daglege aktivitetane ikkje lenger er ei sjølvfølge, kan ergoterapeuten bidra med:

Kartlegging av situasjonen
Trening, rehabilitering og habilitering av daglege aktivitetar
Tilpassing av aktivitet
Kompensasjon for tapt funksjon og tilpassing av miljø og bustad.
Rettleing, informasjon og undervisning
Førebyggjande tiltak


Ergoterapeuten kan gi tilbod til:

Heile befolkninga
Grupper med risiko for helseplager
Menneske med ulike sjukdomar eller skader
Menneske med funksjonshemming.
Ergoterapi er ikkje ei lovpålagt teneste, men ei teneste for at kommunen skal oppfylle andre lovpålagde tenester.

 

Inger Anne Brevik - spesialergoterapeut

70054056/99091851
@ Inger Anne Brevik

 

 

Karianne Sveen Orvik - ergoterapeut

475 06 705
@ Karianne Sveen Orvik

 

 

Forskrift om habilitering og rehabilitering

Kontakt

Karianne Sveen Orvik
Prosjektleiar velferdsteknologi
E-post
Mobil 908 22 627