Fysioterapi

Fysioterapeutar arbeider med menneske som treng behandling, opptrening og rehabilitering på grunn av skader, sjukdom og funksjonshemming, samt med førebyggjande og helsefremjande arbeid.

I fysioterapi er kunnskap om kropp og bevegelse hjå friske og sjuke menneske sentralt. Målet med fysioterapi er å betre funksjon og livskvalitet hjå den einskilde.

Fysioterapitenesta i Volda kommune består av kommunale og privatpraktiserande fysioterapeutar.

Kven kan få tenesta?

Alle som har behov for behandling, opptrening og rehabilitering.

Kva kostar tenesta?

Informasjon om pris for tenesta finn du her: betaling for fysioterapeut (helsenorge.no).

helsenorge.no finn du informasjon om tak på eigenandel og om frikort.

Korleis får du tenesta?

For behandling, kan du ta direkte kontakt med den enkelte fysioterapeut. Du kan også vende deg til fagansvarleg fysioterapeut dersom du lurer på noko som gjeld fysioterapitilbodet i kommunen. 

https://helfo.no/viktige-meldinger/bortfall-av-krav-til-henvisning-til-fysioterapeut

Kommunale fysioterapeutar

Adresse: Barstadmarka 2, 6102 Volda (Volda omsorgssenter) 

  • Randi Heltne Alfsvåg, fagansvarleg fysio-/ergoterapitenesta og spesialfysioterapeut i rehabilitering, tlf. 916 23 905
  • Mona Helen Kile, leiar avdeling Førebygging, rehabilitering og legeteneste og leiar Frisklivssentralen, tlf. 917 29 469
  • Guri Rogne Nyrø, spesialfysioterapeut barn og unge, tlf. 957 40 844
  • Synnøve Ringset Fuglehaug, fysioterapeut, tlf. 941 74 414

 

Privatpraktiserande fysioterapeutar med driftsavtale:

 

Aarflot fysioterapi AS, tlf. 70 07 63 20

Adresse: Industrigata 12, 6100 Volda

  • Silje Heltne, fysioterapeut 
  • Karen Aarflot, fysioterapeut/manuell terapi
  • Arne Heggen, fysioterapeut
  • Line Karlsen Nedrelid, spesialist psykomotorisk fysioterapi

 

Brautaset fysioterapi, tlf 461 23 373

Adresse: Hamnegata 14, 6100 Volda

  • Pål Kristian Brautaset