Saman med dei andre kommunane på Søre Sunnmøre har Volda kommune tatt i bruk løysinga i kommunalt pleie- og omsorgssystem. Vi byrja med tenestene «matombering og praktisk bistand», og har utvida tilbodet til også å gjelde helsetenester i heim ( heimesjukepleie) og ergoterapi.
For innbyggarane våre vil det bety at tenestemottakar av kommunale helse- og omsorgstenester eller pårørande for desse:
- får ein kanal for sikker digital dialog med ansvarleg for tenesteytinga
- kan få oversikt over planlagde besøk
- får kvitteringar på utførte oppdrag
Innbyggar som vil ta i bruk løysinga må registrere seg i helsenorge.no.
Om du ynskjer å lese meir om desse teneste, kan du lese KS si brosjyre om digital innbyggjardialog.
Trygt og oversiktleg å bruke
Innbyggardialogen skjer via helsenorge.no, og registrerte aktive brukarar (eller deira pårørande med fullmakt) kan kommunisere digitalt med kommunale helsetenester. Meldingane kjem direkte inn i elektronisk pasientjournal, og skal normalt bli bevart innan utgangen av neste yrkedag.
På helsenorge.no fins det i dag mange tenester for innbyggarane (kjernejournal, byte av fastlege med meir). Melding og kalender for kommunale heimetenester via helsenorge.no gjer nettsida endå meir aktuell. Vi håper at innbyggarane i kommunen vil registrere seg som brukar på helsenorge.no og ta i bruk digital dialog med dei kommunale tenestene. I dagens situasjon med pandemi er slik dialog ein enkel og sikker måte å nå tenestene på.
All digital kommunikasjon med helsevesenet skjer trygt via helsenorge.no, og innbyggarane har ei god oversikt over spørsmål og svar. I kommunalt journalsystem vert dialogen journalført på aktuell tenestemottakar.
Sjå filmen som forklarar korleis ein kan samhandle mellom innbyggar og ansvarleg for tenestene i vindauget under: