Frisklivssentral

 

Kva er Frisklivssentralen?

Frisklivssentralen i Volda er eit helsefremjande tiltak for å førebygge livsstilssjukdomar.

 

Kven passar tilbodet for?            

  • Ynskjer du å kome i gang med trening?
  • Ynskjer du å legge om kosthaldet?
  • Ynskjer du å slutte å røyke eller snuse?

Då kan Frisklivssentralen være staden for deg!

 

Korleis få tilbodet?

For å kunne nytte deg av Frisklivssentralen sine tilbod må du ha ein gyldig frisklivsresept (PDF, 256 kB).

Du behøver ikkje å vere sjuk eller ha noko diagnose for å nytte tilboda til Frisklivssentralen. Tilbodet er for alle som ynskjer å gjere endringar i levevanar knytt til fysisk aktivitet, kosthald og tobakk. For å nytte tilboda til Frisklivssentralen må du oppfylle følgjande kriterier:

  • Du må være over 18 år
  • Du må være busett i Volda kommune
  • Du må ha eit eiget ønske om å endre levevanane dine
  • Du må kunne komme deg til/frå Frisklivssentralen og Frisklivssentralen sine tilbod på eigen hand eller organisere transport sjølv
  • Du må kunne snakke og forstå norsk eller engelsk

Kva kostar tenesta?

Frisklivsresepten kostar 400,-, men Helsesamtale I er gratis og ein betalar ingenting dersom vi finn ut at tilbodet ikkje er aktuelt for deg. Du kan dermed trygt ta kontakt med oss for ein uforpliktande samtale.

 

Fann du det du leita etter?